HARDANGERFJORDEN på kryss og tvers

Denne fantastiske reisa varer over 8 dagar og går gjennom vakkert vest-norsk fjordlandskap. Undervegs vil du eta og sova godt på dei beste hotellene langs Hardangerfjorden. Syklinga vil føregå på 6 dagar og går i variert og lett kupert terreng, men undervegs er det nokon bakkar som må forserast. Våre lokalkjende guidar kan bli med for å gje deg den beste opplevinga. Følgebilen kan vera tilgjengjengeleg for deg kvar dag langs heile turen. El-sykkel kan og leigast på heile eller delar av turen om du ynskjer dettte, men då må du gje beskjed på førehand! Les meir om dag for dag skildring av turen nede på sida. 
 

KONTAKT OSS 

 

Foto: Sverre Hjørnevik / Fjord Norge AS

Tidlegare turar

Guida turar:

           7 – 14 September 2018

 

Datoar for 2019 kjem snart!

  •  
  • Sjølvguida turar er tilgjengeleg frå mai-september på etterspurnad.
  • Ta kontakt med oss, så hjelper me deg! post@bikethefjords.com
  • TUREN DAG FOR DAG (med guide)

  • Read english version here. 
  •  
  • Dag 1: Ankomst – Velkomen til Voss
  • Me møtest på ettermiddagen for ein varm velkomst på Store Ringheim Hotel & Restaurant. Dette er eit veldig sjarmerande hotell i utkanten av Voss sentrum. Alle romma er unikt designa og fint dekorerte. Me møter “crewet” og resten av gruppa som skal vera med på sykkelturen. Eit glas vin eller mineralvatn og litt Norsk “tapas” blir servert medan informasjon om den komande turen vert presentert. Me set av litt tid for å tilpasse og prøve syklane. Du kan lesa om kva type syklar me har her. Det blir moglegheit for å ta ein kort sykkeltur denne kvelden for å teste syklane. Då syklar me til Mølstertunet (Voss Folkemuseum) som ligg i nærleiken. Her er det ein fantastisk utsikt over Vos sentrum, Vangsvatnet og fjellområda rundt. Når me kjem tilbake blir det servert ein tre rettars middag på Store Ringheim Hotel & Restaurant.
  •  
  • Høgdepunkt: Voss, Mølstertunet, Voss Folk Museum
  • Sykkellengd: 2 km (for å testa utstyret)
  • Måltider: Norsk “tapas” og tre rettars middag
  • Overnatting: Store Ringheim Hotel & Restaurant
  •  
  • Dag 2: Sykling på Voss
  • Etter ein nydeleg frukost på Store Ringheim Hotel & Restaurant set me kursen mot Tvinnefossen. Her er det moglegheit for å kome fossen på nært hald, kjøpe is og nyte utsikta. Etterpå syklar me same vegen mot Voss igjen, og her vil vera fleire moglegheiter for å skaffe seg lunsj når me er tilbake.Etter lunsj startar me på sykkeltur nummer to for dagen, nemleg rundt Vangsvatnet. Denne turen går i fin natur rundt vatnet og gjennom gamle gardstun. Du kan lesa meir om turen til Tvindefossen og rundt Vangsvatnet her. 
  •  
  • Høgdepunkt: Voss, Tvindefossen, Vangsvatnet
  • Sykkellengd: 54km, (31km før lunsj, 23km etter lunsj)
  • Måltider: Frukost, tre rettars middag
  • Overnatting: Store Ringheim Hotel & Restaurant
  •  
  • Dag 3: Me set kursen mot fjordane!
  • Etter ein god frukost vender me snuten sørover til Hardangerfjorden. 
  • Det vil vera ein lang, men slakk oppoverbakke på starten av turen. Når me kjem til Skjervsfossen vil me ta ein liten pause for å sjå på den nydelege utsikta. Her i frå syklar me ned dei bratte svingane i “Skjervet”, (kjend frå sykkelrittet Bergen – Voss), mot Granvin, og her vil me få auga på Hardangerfjorden for fyrste gong. I Granvin tek me ein kaffipause og her vil det vera moglegheit for å kjøpa seg noko lite. Vidare syklar me langs fjorden mot Kvanndal ferjekai, her tek me ferja over fjorden til Utne Hotel kor me skal bu denne natta.
  •  
  • Høgdepunkt: Skjervsfossen, Skjervet, Granvin, Hardangerfjorden, Kvanndal, Utne
  • Sykkellengd: 40km 
  • Terreng: Ein lang men slakk bakke i starten, deretter nedover og flatt, litt kupert på slutten 
  • Måltider: Frukost, tre rettars middag
  • Overnatting: Utne Hotel
  •  
  • Dag 4: Hardangerfjorden på kryss og tvers!
  • Etter frukost på Utne Hotel tek me ferja over Hardangerfjorden til Kinsarvik, her i frå syklar me mot Ulvik. På denne dagen vil me krysse den berømte Hardangerbrua før me tek lunsj på Brakanes Hotel i Ulvik. Etter lunsj syklar me frå Ulvik til Granvin, Kvanndal og tek ferja over Hardangerfjorden igjen tilbake til Utne
  •  
  • Høgdepunkt: Utne, Kinsarvik, Hardangerbrua, Ulvik, Espeland 
  • Sykkellengd: 65 km
  • Terreng: I starten både flatt og kupert, ein stor klatreetappe etter lunsj
  • Måltider: Frukost, tre rettars middag
  • Overnatting: Utne Hotel
  •  
  • Dag 5: Sykling langs Hardangerfjorden
  • Etter frukost i nydeleg omgjevnader på Utne Hotel syklar me sørover langs Hardangerfjorden. Denne dagen vil me passere små frukt-gardar og sjarmerande stader slik som Lothe, Alsåker og Herand. I Herand vil me ha ein kort stopp for å eta is og drikka kaffi på den koselege bukta. Me trør vidare mot Jondal kor det vil vera tid til å kjøpa lunsj på kaien. Etter lunsj tek me ferja til Tørvikbygd på andre sida av Hardangerfjorden. Vidare syklar me siste strekning til hotellet vårt, Hardingasete – som er eit koseleg gjestetun med moglegheit til å bade i stamp (må førehandsbestillast).
  •  
  • Høgdepunkt: Bløming i Hardanger i Mai/Juni. Koselege stader som Alsåker, Lothe, Herand, Jondal. Ferjetur. Tørvikbygd, Hardingasete. Stamp.
  • Sykkellengd: 43km
  • Terreng: Variasjon mellom flatt og kupert, to lengre klatreetappar
  • Måltider: Frukost, middag
  • Overnatting: Hardingasete
  •  
  • Dag 6: Sykling til Steindalsfossen
  • Denne dagen skal me på ein rundtur frå Hardingasete og tilbake. Me startar dagen med å sykle til Norheimsund og me vil ta oss god tid til å sjå på Steinsdalsfossen. I Norheimsund kan du velja mellom fleire plassar til å kjøpa deg lunsj. Etter lunsj syklar me tilbake til Hardingasete kor me blir servert eit nydeleg måltid på kvelden. 
  •  
  • Høgdepunkt: Norheimsund, Steinsdalsfossen waterfall, The Hardanger Fjord
  • Sykkellengd: 43 km 
  • Terreng: Mest flatt, nokon små stigningar
  • Måltider: Frukost, tre rettars middag
  • Overnatting: Hardingasete
  •  
  • Dag 7: Siste dag med sykling, avslutning med bading  
  • Me fortset den siste delen på turen langs fjorden til Mundheim, her i frå kjem det ein klatreetappe i det me forlet Hardangerfjorden. Sakte men sikkert endrar landskapet seg, fjella kjem nærare og eit par vatn dukkar opp i det me nærmar oss Skjelbreid. Denne dagen må me smøra med oss niste som skal etast ute i det fri. Etter lunsj syklar me vidare mot Fusafjorden og tek ferja over frå Venjaneset til Hatvik. Her i frå er det ein kort sykkeldistanse til det neste hotellet, nemleg Solstrand Hotel & Bad. Hotellet ligg nydeleg plassert ved Bjørnafjorden og har flotte hagar, og luksuriøse fasilitetar. Her må ein ta seg ein tur i spa-avdelingen, eller ein svømmetur i inne eller utendørsbassenget før middagen blir servert på kvelden. 
  •  
  • Høgdepunkt: Strandebarm, Skjelbreid, Fusafjorden, Bjørnafjorden, Os, Solstrand, SPA, 
  • Sykkellengd: 63km 
  • Terreng: Mest flatt men med eit par stigningar
  • Måltider: Frukost, tre-rettars middag
  • Overnatting: Solstrand Hotel & Bad
  •  
  • Dag 8 – Siste dag 
  • Etter frukost på Solstrand Hotel & Bad er det mogleg å leggje til ei ekstra overnatting i Bergen (på etterspurnad), dersom ein vil utforske Bergen by. 
  • Alternativt: Transport til Bergen flyplass Flesland eller til Bergen sentrum på eiga hand. 
  •  

 Foto: Terje Rakke/Nordic LifeAS/Fjord NorgeAS